Om Galleri Puls

DRØYMER DU OM Å DRIVE GALLERI  ?

Frå 1. oktober legg eldsjelene for Galleri Puls i Norheimsund ned si verksemd….. MEN me etterlyser nokon der ute som har lyst å drive vidare eit galleri i Norheimsund. Lokalet til Galleri Puls er tilpassa nettopp for galleridrift. Det har fått gode veggar og god belysning, blendingsgardiner, alarm o.s.v. Huseigar er interessert i at det skal vera galleri her. Norheimsund sentrum treng eit skikkelig kunstgalleri i framtida også sjølv om drivarane av Galleri Puls no ynskjer å trappe ned sin innsats over mange år.

Lenger ned på sida finn de PDF-filer som viser planløysing og bilder av lokalet.

For meir informasjon ta kontakt med Solfrid Aksnes, tlf : 47601056 eller e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Galleri Puls har til no vore eit kunstnardrive galleri og er tilknytt det tverrfaglege kunstnarforumet Harding Puls i Hardanger. www.hardingpuls.no.

Galleriet har hatt ei eiga gallerigruppe som står for drifta. Desse er: Aud Bækkelund, Kwestan Jamal Bawan, Silje Ensby og Solfrid Aksnes.

 

Besøksadresse:

 

Postadresse:

  Grovabrotet 6   Vikøyvegen 408 
  Gamlebanken    5600 Norheimsund 
  Norheimsund    

 

For kunstnarar

Gallerigruppa tar imot søknadar om utstilingsplass, samt at dei sjølve inviterer kunstnarar dei ynskjer å presentera i galleriet.

Galleri Puls ligg i sentrum av Norheimsund. Gallerilokala er eit stort rom på ca. 75 m2 med store vindauge mot sentrum, og eit lite rom på ca. 15 m2. Det vetle rommet høver både for video og utstilling.  Planskisse.pdf   Gallerifoto.pdf

 Kontakt: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.